Søn
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust 2.6 m/s 
Trykk: 1014.3
Dato: 21.10.2018
13°
Man
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Vest-nordvest 7.9 m/s 
Trykk: 1014.6
Dato: 22.10.2018
Tirs
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Nord-nordvest 5.9 m/s 
Trykk: 998.5
Dato: 23.10.2018
Ons
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Nordvest 4.5 m/s 
Trykk: 1012.1
Dato: 24.10.2018
Tor
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-nordvest 2.8 m/s 
Trykk: 1008.2
Dato: 25.10.2018
Tinn StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Tinn

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Tinn
Jobb Tinn
Leie Tinn
NRK Telemark
TA
Tinn Kommune
Torget Tinn
Varden

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Nytt tap for førdeNRK Sogn og Fjordane
Tromsø vart nokre nummer for store for Førde sine volleyballherrar. Heimelaget vann til slutt 3-1 (25-16, 30-28, 15-25 og 26-24). Dette var sunnfjordingane sitt andre strake tap for sesongen.
2018-10-20 18:06:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal 2 berga plassenNRK Sogn og Fjordane
Kapinga Brazy vart einaste målscorar då Sogndal 2 møtte Tertnes i 3. divisjon fotball for menn. Sigeren gjer at sogndølene er sikra spel i same divisjon neste år. Allereie nedrykksklare Førde spelte 4-4 heime mot Brann 2.
2018-10-20 17:57:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nærmar seg nedrykksstridNRK Sogn og Fjordane
Kaupanger sine fotballkvinner tapte laurdag 2-0 borte for Øvrevoll Hosle. Dette var laget sin sjette strake kamp utan siger. Sist dei vann var 3-0 heime over Fløya 17. august. No nærmar Kaupanger seg nedrykksstriden i 1. divisjon.
2018-10-20 17:54:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer fylkesveg 609NRK Sogn og Fjordane
Klokka 22 stengjer Statens vegvesen fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. Strekkja ved Heilevang er rasutsett på våte dagar og det neste døgnet er det meldt høvesvis store nedbørsmengder. Det gjer at Vegvesenet fryktar at det kan gå nye ras.
2018-10-20 16:37:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje trygg på poeng i botnkampNRK Sogn og Fjordane
Florøtrenar Terje Rognsø tek kampen på søndag mot jumbolaget Levanger på største alvor, skriv Firdaposten. Det står berre viktige kampar att for Florø i Obosligaen no. Taper Notodden for Strømmen, og Florø slår Levanger, klatrer laget frå kystbyen opp på kvalifiseringsplass.
2018-10-20 14:38:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jølster manglar 20 millionar kronerNRK Sogn og Fjordane
20 millionar kroner treng Jølster kommune for å få økonomiplanen til å gå opp. Ifølgje Firda Tidend vart det alvorleg og dyster stemning då rådmann Ellen Jensen spurte formannskapet svare på kvar ho skal kutte for å få økonomiplanen i balanse.
2018-10-20 13:33:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylket kjøper Florø idrettssenterNRK Sogn og Fjordane
Fredag vedtok fylkestinget å kjøpe Florø idrettssenter, skriv Firdaposten. Prisen er sett til takst på 52 millionar kroner. Fylkestinget gjorde samstundes vedtak om å oppgradere bygget.
2018-10-20 12:34:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måløy-selskap overtek RoadfeedersNRK Sogn og Fjordane
Coast Seafood i Måløy har kjøpt opp frakthandteringselskapet Roadfeeders, skriv Hegnar.no. Hadde selskapet ikkje blitt kjøpt opp kunne store delar av lakseeksporten frå Noreg ha stoppa heilt opp.
2018-10-20 11:21:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

25 arbeidsplassar til VadheimNRK Sogn og Fjordane
25 nye arbeidsplassar i Vadheim i Høyanger kan bli ein realitet, skriv Ytre Sogn. Vadheim Akvapark har undersøkt moglegheitene for å etablere eit nytt anlegg for produksjon av laks i bygda, og meiner det no kan setjast i gang.
2018-10-20 10:47:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje same skrantesjukeNRK Sogn og Fjordane
Skrantesjuka i Noreg er ikkje den same som i Nord-Amerika, opplyser Veterinærinstituttet. I haust blir det drive omfattande prøvetaking for å teste om hjort og rein har skrantesjukesmitte.
2018-10-20 10:45:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tiltalt for vald mot sambuarNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra er tiltalt for vald mot sin tidlegare sambuar. Mannen, som bur i Sogn, skal mellom anna ha slått, tatt kvelartak på kvinna, og trua med å drepe og øydelegge livet hennar. Saka kjem opp i ein tingrett på Austlandet 29. november.
2018-10-20 10:42:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde forbi politikontrollNRK Sogn og Fjordane
I Florø køyrde ein bil rett forbi ein kontroll i natt, seier politiet. Bilen blei funnen kort tid etter, og sjåføren kom sjølv til staden. Personen vedgår å ha køyrt bilen og blir meld for køyring i påverka tilstand og for å ha oppbevart narkotika.
2018-10-20 07:39:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Inviterer til plastryddedugnadNRK Sogn og Fjordane
Laurdag blir inviterer Skjolden bygdelag til plastryddedugnad i Mørkridsdalen. Dalføret fekk store skadar under flaumen førre helg. ? Flaumen har ramma dalen alle har eit kjært forhold til, og bøndene som verst, skriv bygdelaget.
2018-10-19 22:31:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil framleis eige fjordhestsenteretNRK Sogn og Fjordane
Eit samla fylkesting vedtok at fylkeskommune framleis skal vere medeigar av Norsk Fjordhestsenter AS på Nordfjordeid. ? Dette er viktig for å halde oppe ressurssenteret og kompetansemiljøet på Nordfjordeid, seier Sigurd Reksnes, gruppeleiar i Sp.
2018-10-19 22:27:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Banken skrur på lysetNRK Sogn og Fjordane
Sparebankane i Florø gjev 100.000 kroner som skal brukast til å lyse opp Strandgata fram mot jul. ? Dette er skilnaden på ein Sparebank og ein forretningsbank. Ein del av overskotet skal tilbake til lokalmiljøet, seier sjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ole Aukland, til Firdaposten.
2018-10-19 21:37:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dette kosta føraren 1.500 kronerNRK Sogn og Fjordane
Ein førar fekk 1.500 kroer gebyr for dårlege dekk på vogntoget i kveld. I alt vart 16 køyretøy undersøkt nærare under kontrollen ved Førde trafikkstasjon. Fire fekk bruksforbod for manglande sikring og utstikkande last. Ein busspassasjer mangla belte og må betale 1.500 kroner.
2018-10-19 21:32:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 1850NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-19 18:37:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må kutte kostnadar NRK Sogn og Fjordane
Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) varslar kostnadskutt for Stad skipstunnel, opplyser Nynorsk pressekontor. Tunnelen fekk ikkje ei einaste krone i statsbudsjettet, og ministeren seier at ein må få kontroll på kostnadane før den vert bygd. Dale legg til at ein blant anna må vurdere størrelsen på tunnelen.
2018-10-19 12:41:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

DIREKTE: Følg FylkestingetNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget er samla i Balestrand i dag, og her kan du følge det direkte. Blant sakene som skal opp er kjøp av Florø idrettssenter og regional plan for kultur 2019-2027.
2018-10-19 11:36:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seier ja til vindkraft NRK Sogn og Fjordane
Formannskapet i Vågsøy kommune seier ja til meir vindkraft, skriv Fjordenes Tidende. NVE kartlegg kva slags kommunar i landet som vil ha meir vindkraftutbygging, eller som seier stopp. Formannskapet ynskjer at kommunen skal vere blant dei prioriterte områda for vindkraft.
2018-10-19 11:25:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Moderne bønder vinn pris NRK Sogn og Fjordane
Reiselivsverksemda 29-2 Aurland får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2018 frå Innovasjon Norge. Ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike driv eit gardshotell ved Aurlandselva i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dei får prisen for å ta vertskapsrolla si på alvor, sette kunden i fokus og levere unike opplevingar.
2018-10-19 10:28:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krev 30 millionar til tunnel NRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune krev at Stortinget legg inn 30 millionar kroner til startløyving for Stad skipstunnel i budsjettet for 2019. Det kjem fram i ein samrøystes uttale frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Stad skipstunnel var ikkje med i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for neste år.
2018-10-19 08:04:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kystkommune går mot underskotNRK Sogn og Fjordane
Askvoll kommune går mot eit underskot på over tre millionar kroner i år, skriv Firda. Den største overskridinga skjer innan helse og omsorg, som vil bruke 1,7 millionar kroner meir enn budsjettert i år.
2018-10-19 07:17:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hjort skada i KaupangerNRK Sogn og Fjordane
Ein hjort vart påkøyrd i Kaupanger i natt, melder politiet. Det blir meldt om mindre skadar på bilen. Hjorten sprang skada frå staden og viltkontakten i Sogndal er kontakta.
2018-10-19 05:32:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Løyver 100 000 kronerNRK Sogn og Fjordane
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har vedteke å løyve 100 000 kroner til TV-aksjonen 2018. Inntektene frå årets aksjon går til Kirkens Bymisjon.
2018-10-19 05:31:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kåra beste drikkevatnNRK Sogn og Fjordane
Abonnentane til Øvre Årdal vassverk får vatn frå fylkes beste grunnvasskjelde. Høyanger vassverk leverer vatn frå den beste overflatekjelda, skriv norskvann.no. Prisane vart delt ut i dag under vass- og avløpskonferansen i Loen. Vinnarane er klare for landsfinalen 5. mars.
2018-10-18 21:50:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20:55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-18 20:31:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

La att mange tusenlapparNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen skreiv ut fem gebyr for totalt 33.700 kroner for overlast og manglande bombrikke under ein kontroll ved Håbakken i Lærdal i ettermiddag. Dei la også ned ti bruksforbod og melde to førarar til politiet.
2018-10-18 19:54:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er han ferdig i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Patrik Johannesen skulle fylle skoa etter måltjuven Endre Kupen. No er han ferdig i Florø Fotball, melder Firdaposten. Spissen har fått lite speletid grunna skader og har no reist tilbake til Færøyane der han skal spele for ein klubb der.
2018-10-18 19:42:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl. 1850NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-18 18:34:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Leverer ferjer til Fjord1NRK Sogn og Fjordane
På ei veke har Havyard levert to nye ferjer til Fjord1. Den siste, Vestrått, var klar for levering i dag. Både «Vestrått» og «Austrått» skal trafikkere Brekstad-Valset i Trøndelag. Innan utgangen av 2019 skal Havyard levere frå seg ti ferjer til.
2018-10-18 16:39:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis evakuerte i LusterNRK Sogn og Fjordane
Flaumen i helga får framleis følgjer. Ein husstand på Skjolden er evakuerte, medan sju husstandar på Mørkrid (biletet) er veglause. Det blir jobba med mellombels veg. Folk blir oppmoda om å vise varsemd ved elvekantane. Dei er ustabile.
2018-10-18 16:13:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Rute B på ferjesambandet Lavik-Oppedal er i normal rute frå kl. 16.10, melder Norled. Ruta var innstilt ein periode grunna tekniske problem.
2018-10-18 15:59:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Valdtektssikta er framleis i SpaniaNRK Sogn og Fjordane
Mannen i 50-åra som av spansk politi er sikta for valdtekt av ei russejente på Mallorca, er framleis i Spania. Det opplyser regionlensmannen i området mannen er frå, til NRK. Mannen vart lauslaten frå spansk fengsel mot kausjon tysdag.
2018-10-18 15:48:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilt rute på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Rute B på sambandet Lavik-Oppedal er innstilt inntil vidare på grunn av teknisk problem, melder Norled.
2018-10-18 15:23:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ryddejobb etter flaum vil ta år NRK Sogn og Fjordane
Det er gjort enorme skadar på dyrka mark, vegar og hus etter flaumen i Luster. ? Det vil truleg ta fleire år å rydde opp etter flaumen i helga, seier ordførar Ivar Kvalen i Luster. Kommunen har førebels ikkje full oversikt over skadane. Ordføraren meiner øydeleggingane er så ille at det faktisk ikkje er mogeleg å få tilbake den dyrka marka.
2018-10-18 13:49:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny runde med kraftig regn NRK Sogn og Fjordane
Til helga er den venta ein ny runde med mykje nedbør på Vestlandet. På sundag er det lokalt venta mellom 50 og 70 millimeter med regn. ? Vi får ikkje same problem med snøsmelting som vi hadde førre helg. Det er venta lågare temperaturar, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fargerlid.
2018-10-18 13:33:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nato-øving rammar trafikkenNRK Sogn og Fjordane
Nato-øvinga «Trident Juncture» har konsekvensar for helikoptertrafikken i både Florø og Bergen, skriv Bergensavisen. Blant anna er 18 helikopter på veg til fastlandet forseinka på grunn av øvinga. ? Dette råkar kring 750 av våre tilsette i Bergen og Florø, seier pressetalsmann i Equior, Morten Eek, til avisa.
2018-10-18 12:43:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har opna rasstengd vegNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond i Luster er no open for ferdsel, melder Statens vegvesen. Vegen har vore stengd sidan måndag på grunn av ras.
2018-10-18 12:00:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fiskeriavtale med RusslandNRK Sogn og Fjordane
Noreg får fiske 330 000 tonn torsk i Barentshavet neste år etter fiskeriavtalen mellom Noreg og Russland. Det er mange fiskarar og næringar i Sogn og Fjordane som nyt godt av fisket i Barentshavet, mellom anna Ervik Havfiske. Totalkvoten for torsk er sett til 725 000 tonn for både Noreg og Russland.
2018-10-18 11:57:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hard vinter for hjorten NRK Sogn og Fjordane
Minst 133 hjortekadaver er funne i kommunane Lærdal, Årdal og Aurland, skriv Sogn Avis. Det er den tidlege vinteren og den seine våren som har gjort at så mange hjortar har svolte i hel. Viltforvaltar i dei tre kommunane, Knut Fredrik Øi, meiner at dette berre er toppen av isfjellet.
2018-10-18 11:10:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg vekk etterforsking NRK Sogn og Fjordane
Politiet legg vekk etterforskinga av dei mange skogbrannane på Kaupanger i sommar, skriv Porten.no. Det blei blant anna gjort funn av fyrstikker på brannstaden, som kunne tyde på at brannane var påsette. Politiet legg no vekk saka fordi dei ikkje har mistenkte.
2018-10-18 09:08:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opprettar sak etter uhellNRK Sogn og Fjordane
Politiet opprettar sak etter sprengingsuhellet på Sande i Gaular i går. Steinar gjorde skade på blant anna eit nybygg og på båtar. Sprengingsarbeidet var planlagt, og det var Mesta som stod for arbeidet. Dei seier at dei vil hjelpe politiet i etterforskinga.
2018-10-18 08:15:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Raude tal for Eid NRK Sogn og Fjordane
Eid kommune har blodraude budsjettal for 2019 og manglar 26,5 millionar kroner, skriv Fjordabladet. Økonomisjefen i Eid, Ole Starheim, seier det ikkje er rom for fleire store investeringar dei næraste åra.
2018-10-18 08:09:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Naboar kranglaNRK Sogn og Fjordane
Politiet måtte etter midnatt i natt rykke ut til ein bustad i Førde etter melding om bråk. To naboar fekk pålegg om å halde seg inne i kvar si leilegheit. Det blir oppretta sak på den eine av naboane etter at politiet fann tablettar på staden.
2018-10-18 05:49:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 2305 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-17 22:50:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gir seg som verftssjefNRK Sogn og Fjordane
Mikael Johansen gir seg som verftssjef ved Westcon Yards i Florø. Det skriv Firdaposten. Dei tilsette vart orienterte onsdag. Johansen seier til avisa at det ikkje ligg noko dramatikk bak oppseiinga. Selskapet er i gang med å rekruttere ein ny leiar.
2018-10-17 22:49:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha kommunane til å punge utNRK Sogn og Fjordane
Forsikringsselskap vil nekte å betale for skadar på hus som gjentekne gonger blir råka av flaum.
2018-10-17 22:15:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 1850 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-17 22:12:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 her NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-17 18:42:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sprengingsuhell på SandeNRK Sogn og Fjordane
Politiet har rykt ut til Sande i Gaular, der det skal ha vore eit sprengingsuhell.
2018-10-17 17:04:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen til Veitastrond opnar torsdagNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond i Luster vert ikkje opna for fri ferdsel før torsdag 18. oktober klokka 12, opplyser Statens vegvesen. Vegen har vore stengd sidan måndag på grunn av ras.
2018-10-17 16:47:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kvalitetspris til rusbehandlarNRK Sogn og Fjordane
Årets vinnar av kvalitetsprisen i Helse Førde er Arild Nøstdal. Han har vore tilsett ved Nordfjord psykiatrisenter sidan 2009. I 2012 vart han tilsett som seksjonsleiar for den nye rusposten på Nordfjord psykiatrisenter. Les meir om vinnaren her.
2018-10-17 15:33:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nominert til Årets Gründer 2018NRK Sogn og Fjordane
Tilbakemeldingsverktøyet Norse Feedback er ein av tre kandidatar til tittelen Årets Gründer 2018. Norse Feedback er utvikla i Helse Førde, og skal sikre betre og lettare kommunikasjon mellom pasient og behandlar innan mental helse.
2018-10-17 13:17:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

144 har søkt om erstatning NRK Sogn og Fjordane
144 har fram til no søkt Fylkesmannen om erstatning etter avlingssvikt. Ein tørr sommar har ført til ein kritisk fôrsituasjon for bøndene. Dei fleste av søknadane kjem frå indre Sogn, opplyser Odd Ivar Kalland, overingeniør hos Fylkesmannen.
2018-10-17 11:50:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Engebø klarert for gruvedriftNRK Sogn og Fjordane
Riksantikvaren har klarert Engebø etter at arkeologar har gravd og undersøkt området i to månader. Det skriv Firda. Funna kjem ikkje til hinder for Nordic Mining sine planar om å vinne ut mineral, dermed er dei eitt steg nærmare gruvedrift.
2018-10-17 11:14:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må redusere sauehald etter flaumenNRK Sogn og Fjordane
Flaumen i Luster har råka minst 25 gardar. Store mengder dyrka mark er rasert og mykje fôr er øydelagd. Simon Page, som har ein av landets største flokkar med gammal norsk spelsau, reknar med å måtte redusere saueflokken etter at mykje av dyrefôret han hadde forsvann i flaumen.
2018-10-17 10:36:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seawalk manglar godkjenningNRK Sogn og Fjordane
Cruisekaia på Nordfjordeid er ikkje godkjend, sjølv om over 20 cruiseskip har varsla sin ankomst neste vår. Kystverket skriv til Seawalk Nordfjord AS at kaia ikkje kan takast i bruk før anlegget er godkjend av dei. Sjefsingeniør Knut Stenevik i Kystverket seier dei no skal sjå på kva utbetringar som må gjerast i hamna.
2018-10-17 08:19:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mann sikta for 14 tjuveriNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra er sikta for totalt 14 tjuveri i Sunnfjord i løpet av eitt år. Det skriv Firdaposten. Ifølge siktinga skal mannen ved fleire høve ha stole verdisaker ved eit treningssenter. Han skal òg ha stole frå fleire av butikkane i og utanfor bysentrum.
2018-10-17 07:40:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klare for eliterunden i EM-kvalikNRK Sogn og Fjordane
Torje Naustdal frå Florø, Sogndal-spelar Jonas Fredriksen og sogndølen Johan Hove er klare for eliterunden i EM-kvaliken i fotball. Det skjer etter at det norske G18-landslaget i går slo Albania 1-0. EM-kvalifiseringa blir spelt i mars neste år.
2018-10-17 05:55:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg 615 blir stengdNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 615 blir heilt stengd natt til torsdag denne veka, dette i samband med arbeid på Fitje bru på Sandane. Vegen blir stengd frå kl. 21.00 onsdag kveld fram til kl. 05.00 torsdag morgon. Statens vegvesen informerer om at det blir opna for passering mellom kl. 23.00 og 23.30 onsdag kveld. Omkøyring blir på E39 via Førde.
2018-10-17 05:18:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 23.05 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-16 22:45:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Investerer 2,5 mill. i kremlikørNRK Sogn og Fjordane
174 privatpersonar og selskap investerer 2,5 millionar i Fjording AS, selskapet som produserer kremlikør frå Nordfjord, skriv Firda. Mannen bak likøren, eidaren Øyvind Løkling, skal no byggje varelager og tilsetje driftssjef for å følgje opp produksjon, innkjøp og avtalar.
2018-10-16 21:13:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-16 20:38:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovland på benkenNRK Sogn og Fjordane
Håvard Nordtveit er tilbake i det norske midtforsvaret når Noreg møter Bulgaria i UEFA Nations League på Ullevål stadion i kveld. Det går på kostnad av Even Hovland, som må starte kampen på benken, etter at han starta laurdagens kamp mot Slovenia.
2018-10-16 20:20:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-10-16 18:39:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 610 open etter flaumenNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 610 ved Hestad i Gaular er opna att for trafikk etter å ha vore stengt på grunn av flaumen.
2018-10-16 16:03:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventetid mellom Førde og AskvollNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll blir også onsdag stengd i inntil éin time i gongen. Rassikringsarbeidet som pågår i området vart først meldt avslutta tysdag kveld, men arbeidet vil også pågå i morgon frå klokka 08 til 19, melder Vegtrafikksentralen i Lærdal.
2018-10-16 15:24:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilt til sentralstyretNRK Sogn og Fjordane
Emma Berge Ness (20) frå Viksdalen i Gaular er innstilt som nytt sentralstyremedlem i Senterungdommen. Ho gjekk nyleg av som fylkesleiar i ungdomspartiet, og er no nestleiar og studerer i Bergen. ? Senterungdommen kjem til å spele ei viktig rolle fram mot valet neste haust, og det gler eg meg til å ta del i, seier ho. Ho skal veljast på landsmøtet i Tromsø i november.
2018-10-16 14:11:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i SogndalNRK Sogn og Fjordane
Ein 67 år gammal mann er tatt med til den lokale legevakta etter ei trafikkulukke i Sogndal sentrum. Politiet melder at to bilar var involverte i ein påkøyrsel bakfrå. Den andre føraren blir sjekka av ambulanse på staden. Airbagen blei utløyst i ein av bilane. Trafikken går no som normalt på staden.
2018-10-16 10:54:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger bru i GloppenNRK Sogn og Fjordane
I samband med arbeid på Fitje bru på Sandanae, vil fylkesveg 615 bli heilt stengd natt til torsdag denne veka. Vegen blir stengd frå kl. 21.00 onsdag 17. oktober til kl. 05.00 torsdag 18. oktober. Det blir opna for passering mellom kl. 23.00 og 23.30 onsdag kveld. Omkøyring blir på E39 via Førde.
2018-10-16 09:40:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for 136 km/t i 80-sonaNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 20-åra er dømd til 30 timar samfunnsstraff. Mannen vart ein maikveld i år målt til 136 km/t i ei 80-sone på fylkesveg 609 i Askvoll. Sunnfjordingen vart også frådømt førarretten i ti månader. Samfunnsstraffa skal gjennomførast i løpet av 120 dagar.
2018-10-16 08:07:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert ferjekapasitetNRK Sogn og Fjordane
Grunna spesialtransport har ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg på fylkesveg 57 redusert kapasitet klokka 0915 i dag.
2018-10-16 07:54:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Samla inn 16.000 rosa kronerNRK Sogn og Fjordane
Førde Volleyballklubb overrekkjer 16.500 kroner til Rosa Sløyfe-aksjonen. Dermed klarte eliteserieklubben målet om å gi meir pengar enn dei 11.000 kroner som dei gav inn i fjor. I tillegg til ein innsamlingsaksjon på Facebook gav dei alle billettinntektene til både herre- og damelaget i helga til kreftforeininga sin årlege aksjon.
2018-10-16 07:18:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis ferdselsforbod i SognNRK Sogn og Fjordane
Det er framleis ferdselsforbod fleire stadar i Sogn etter flaumen i helga. Forbodet gjeld for fylkesveg 333 mellom Skjolden og Mørkridsdalen, og fylkesveg 331 mellom Skjolden og Urnes i Luster.
2018-10-16 05:47:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blei målt til 189 km/t i tunnel NRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra blei målt til 189 kilometer i timen i Kvivstunnelen i går, skriv Fjordingen. Mannen blir no meld til politiet, for å ha tråkka for hardt på gassen i tunnelen med 80-sone. UP delte ut bøter til sju andre bilførarar under kontrollen i Kvivstunnelen.
2018-10-16 05:16:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Onstadtunnelen har opnaNRK Sogn og Fjordane
E16 gjennom Onstadtunnelen i Aurland er no open for trafikk etter opprydningsarbeid.
2018-10-15 22:26:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde KrF vil velje venstresidaNRK Sogn og Fjordane
På eit ekstraordinært årsmøte måndag kveld røysta lokallaget i Førde over vegvalet til KrF. Av 18 frammøtte ville 15 gå i regjering med Ap og Senterpartiet, slik partileiaren har teke til orde for. Dei siste 4 ville i regjering med høgrepartia. Difor valte dei fire delegatar som støtta venstresida, og ein delegat som støtta høgresida til fylkesårsmøtet i partiet. Der skal det vidare veljast kven som skal vere på landsmøtet der heile saka skal bli avgjort.
2018-10-15 22:08:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Onstadtunnelen er stengtNRK Sogn og Fjordane
E16 gjennom Onstadtunnelen i Aurland er stengt på grunn av lause gjenstandar i vegbanen. Entreprenør er på veg.
2018-10-15 22:00:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-10-15 20:51:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferdselsforbod opna i GaularNRK Sogn og Fjordane
Strekninga mellom Osen bru og Eldalsosen ved Hestad er no opna, etter at politiet la ned eit ferdselsforbod måndag. Vegen er stengt ved Hestad, men her er det omkøyringsmoglegheiter. I Luster er det framleis ikkje sikkert å bevege seg på enkelte strekningar.
2018-10-15 20:29:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ni kan framleis ikkje flytte heimNRK Sogn og Fjordane
Det er enno åtte personar i Fortunsdalen og ein person i Mørkridsdalen som ikkje kan flytte heim att. Tysdag skal det gjerast ei ny vurdering på om dei evakuerte skal få flytte heim att, opplyser politiet.
2018-10-15 19:00:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 1850NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-10-15 18:41:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rv. 15 er open NRK Sogn og Fjordane
Det er no mogleg å køyre over Strynefjellet mellom Nordfjord Gudbrandsdalen, etter at riksveg 15 opna. Det betyr også at ekspressbussen går som normalt til og frå Oslo. Vegen er framleis stengt mellom Rustevegen og Vågåmo, men der er det lokal omkøyring.
2018-10-15 17:17:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Store steinblokker rasa ned på vegNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 337 til Veitastrond i Sogn er stengt grunna ras, skriv Sogn Avis. Store steinblokker har gjort stor skade på vegen som kan bli stengt i lengre tid. Kommunen arbeider med kriseløysing og båt. Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, seier til avisa at vegen kan bli stengt til og med torsdag.
2018-10-15 14:08:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar ved HundsånaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll opnar att ved Hundsåna. Vegen har vore stengd på grunn av rasfare.
2018-10-15 13:09:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna veg i ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 mellom Kolnos- og Finsåstunnelen er nå opna opp att etter ras, opplyser Statens vegvesen på Twitter. Det betyr at raskaste alternativ mellom Fodnes og Årdalstangen er tilgjengeleg att.
2018-10-15 12:11:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikktrøbbel over fjelletNRK Sogn og Fjordane
Store øydeleggingar i Skjåk råkar trafikken mellom vest og aust. Riksveg 15 er stengt tre ulike stadar i Ottadalen, noko som gjer at blant anna tungtransport og Nettbuss må velge ei anna rute enn over Strynefjellet. Omvegen for ekspressbussen mellom Nordfjord og Oslo tek to?tre timar lenger enn vanleg rutetid, seier marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein Arne Vik.
2018-10-15 11:56:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå direkte frå flaumområdaNRK Sogn og Fjordane
Sjå direkte frå flaumområda
2018-10-15 11:44:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny leiar i Lærdal NæringsutviklingNRK Sogn og Fjordane
Aleksander Øren Heen er tilsett som ny dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling. Årdølen har jobba som politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe sidan 2016. ? Det blir viktig å få realisert nokre av prosjekta som har vore jobba med, mellom anna Håbakken, seier Øren Heen.
2018-10-15 10:11:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mobilnettet nede i BremangerNRK Sogn og Fjordane
Politiet melder at mobilnettet er nede i Bremanger. ? Vi får ikkje kontakt med folk via mobilnettet. Ingen av mobilnetta er oppe og går, i alle fall rundt Svelgen, seier Espen Gulliksen i politiet i Bremanger. Han oppmodar folk til å ta kontakt med politiet via fastnettet, på telefonnummer 57796630.
2018-10-15 08:57:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flaumkonsekvensar i StrynNRK Sogn og Fjordane
Store skadar på kjellarar og skade på innmark er blant konsekvensane etter flaumen i går. ? Eg har vore i ein del hus allereie. Nokre har fått store skadar i kjellarar og på areal rundt omkring i nedre del av vassdraget, seier ordførar Sven Flo.
2018-10-15 08:49:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slik går bussane til/frå ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Grunna steinraset på fylkesveg 53, er det sett opp bussrute over Årdal - Tyin. Bussen frå Årdalstangen kl. 0650 går innom Øvre Årdal 0740, Håbakken 0900, Fodnes 0920 og Sogndal 0950. Den går frå Sogndal kl. 0755, og stoppar i Lærdal 0845, Håbakken 0900, Øvre Årdal 1020 og Årdalstangen 1035. Vegvesenet varslar ny vurdering av raset klokka 11.
2018-10-15 07:46:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bustadar i Flåm får inn vatnNRK Sogn og Fjordane
Vatnet har nådd inn i kjellarar i fleire bustadar i Flåm. Aurland brann- og redning bidreg med pumper og sandsekkar for å halda vasstanden nede, skriv Sogn Avis.
2018-10-15 07:13:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ras i LærdalNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit større ras i Lærdal ved Hunderi. Raset skjedde i 23.30-tida i går kveld, og gjekk like ovanfor sjukehuset. ? Det er for farleg å ta seg inn til rasstaden, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, til NRK. Førebels er det ikkje rapportert at hus er trefte.
2018-10-15 06:59:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna veg i LusterNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 604 mellom Leirdal og Gjerde i Luster er no opna att etter flaumen, opplyser Vegtrafikksentralen på Twitter.
2018-10-15 06:12:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen meldingar om personskadeNRK Sogn og Fjordane
Ingen personar er skadde i flaumen i går kveld og natt. Det seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt. Dei har fylgt situasjonen nøye i heile fylket. Verst har det vore i Odda og på Voss.
2018-10-15 05:59:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skule stengd i StrynNRK Sogn og Fjordane
Oppstryn skule og barnehage i Stryn er stengd måndag 15. oktober. Høg vassføring i elva Hjelledøla er årsaka til stenginga, melder kommunen. Det vert gjort ny vurdering klokka 12 måndag.
2018-10-15 05:25:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flaumfaren nedjustertNRK Sogn og Fjordane
Flaumfaren er nedjustert frå raudt til oransje nivå for Sogn og Fjordane, Hordaland og Ottavassdraget i Oppland, melder NVE.
2018-10-15 05:22:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinras ved FinnsåstunnelenNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit steinras på fylkesveg 53 på vestsida av Finnsåstunnelen i Årdal. Ein bil har fått materielle skadar, opplyser politiet på Twitter. Vegen er stengd. Også Bermålstunnelen mellom Fodnes og Årsdalstangen er stengt grunna ras.
2018-10-14 23:11:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tinn StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.